Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring

Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring
Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring

onsdag 9. januar 2013

Godt nyttår!
Jaja... so vart ikkje 2012 det store blogge-året..
Men no er eg snart ferdig med det meste av det utvendige, og det "kjedelige" isolerings arbeidet.
Det er no morroa begynner!!
Tapetar, fargeval, kjøkken, bad og renovering av møbler! Hurra!
Har trua på eit bedre bloggeår i 2013.

Det eg har gjort i det siste er å forsterke veggane i det opprinnelige påbygget.
Det påbygget eg har søkt om, vart stoppa av mykje surr og byråkrati.
Det er mykje som kunne vore sagt om den saken, men vel å ikkje gjere det her.
Men vedskjulet blir eit fint vaskerom og spisekrok det.
Berre litt surt å ikkje få bad i 2.etasje... Men sånn blir det visst.
Prøver å fokusere på det som er positivt!

Ein liten kranseskål-sjampis vart det og på slutten av året!
Må sei eg er litt lei av arbeid som eigentlig ikkje synest. Men så snart eg er ferdig med å isolere resten, DA trur eg at arbeidet vil begynne å vise igjen. Satser friskt på innflytting i mars.
Då snakker vi ikkje ferdig altså, men levelig... og det er jo relativt!
Eg gler meg til fortsettelsen!

Det var ganske luftig i November/desember..
Snekker Per Tore Borgund
Herlege Jannike stilte atter ein gong opp; og bidrog sterkt på plating hav veggane! For ei dame!!

Kjøkken inngangen!

Dette er kjøkkenet..... eller..skal bli iallefall!

Her er det som etterkvart skal bli bad og vaskerom.

Fikk god hjelp til isolering av en mormor-ninja!



Godt nyttår, og takk for det gamle!



1 kommentar: