Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring

Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring
Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring

tirsdag 14. desember 2010

Bedre seint enn aldri...


Joda... tida flyr og tusen ting og ta seg til..
Så blogginga har lidd litt under dette.
MEN; Her kjem ein status rapport! Denne gangen fra Kaunas, ein by i Litauen.
Her er eg for å sjå på fabrikker som kanskje skal brukast i produksjon.
Etter ein litt hard haust er dette ein kjærkommen utflukt!

Hausten har vore prega av mykje feiling og læring.. Eg har minst 4 ulike stillinger i dette firmaet, og eg kan ingen av dei!!? Så alt må lærast, og da tar ting litt ekstra lang tid.
Eg hater å ikkje føle at eg "mestrer" ting, så tolmodet har blitt satt på prøve! Men det kjem seg!

No skal vi prøve å få sydd opp prøver til haust/vinter 2011. Prøvene bør vere klare til Oslo fashion week i februar, så tida er knapp!
Men eg er optimist! Alt går, og går det ikkje som planlagt, går det vel på eit vis alikevel!
I måra skal eg besøke fabrikker som lager dressar, ein som lager strikka ullprodukt, ein som produserer metervare, og torsdag skal eg til ein skjortefabrikk.
Kjempe spennande og lærerikt!
Innimellom skal eg prøve å hande litt julegaver til folk og fe. Sjølv om det er litt "sparekniven" på julebudsjettet må ein no ha noke under treet. Prisane her er jo ganske "snille" i forhold til heime, så det kan jo hende det blir jul i år og? ;)

No skal eg faktisk ta meg eit glas vin fra minibaren, legge meg i badekaret og nyte livet!!

Eg benytter anledninga til å ønske alle ei fortreffelig jul og eit strålande nyttår!!

Mette :)

fredag 24. september 2010

So far so good!!

Og plutselig var hausten her?!? Kva skjedde egentlig med sommaren??
For min del vart det mykje jobb og lite sol...
Men har innfunne meg med at sommarferie må vi ta igjen til neste år.

Etter OFW har det gått slag i slag med innsalg. Eg har turnert Bergen, Stavanger og Trondheim med kolleksjonen. Salget har gått som forventa... altså tregt. Vi er eit nytt merke så folk rundt omkring er skeptiske, og det er jo ett sunnhetstegn i seg sjøl egentlig.
Vi har fått inn nokre jakker og skjorter i Bergen, Stavanger, Oslo og jobber med Trondheim!
Det er absolutt en start!
Nesten alle butikkane er intressert i å sjå neste kolleksjon. Her gjeld det å ta med seg det positive og ikkje dvele med det negative!!! (ein liten kunst i segsjøl det..)

Etter Norgesturneen, drog eg og brodern til Paris på ei av verdas største stoffmesser!
No handler det om Høst/vinter 2011!! I eit hav av stoff og inntrykk, skulle vi velge ut nokre stoff til vår vesle kolleksjon.. Veldig vanskelig og veldig kjekt!!!
Paris er fantastisk og inspirerande so mange av ideeane har allerede fått grobunn..
Etter paris, var det rett heim til Nordfjordeid og moteshow på Eidamessa!!
Tusen takk for at eg fekk vere med, og takk til gutane som stillte som modeller; kjempe innsats!!

No framover er det igangsetting av produksjon som gjeld, samstundes som ny kolleksjon skal utviklas, så med andre ord vert det hektisk! :)
Ute i hagen gror det og godt, så slenger med eit bilde av gresskaret mitt!
God haust!

fredag 20. august 2010





Lanseringsvisning!


Endelig var dagen der!
Etter nesten ei veke med forarbeid var det godt å få showet igang.
Vi hadde visninga i den flotte suiten til Thon hotel Panorama. Gode venner hjelpte til med alt fra lys, lyd, mat, innkjøp, skjenking av bobler osv.... Tusen millioner takk til dokke frå meg og broren!!
Det var god stemning og nervane var overaskande rolige. ( Litt verre med broren sine!) Modellane gjorde en knall bra jobb på catwalken, vi har fått masse skryt av dei i ettertid!
Alt gjekk over all forventning, og gode tilbakemeldinger har vi fått!
Det er enda mykje jobb å gjer før vi er sikra at produkta våre faktisk kjem inn i butikk, men vi er igang, og håper at ballen vil fortsette å rulle!!
Pøser ut noken bilder så dokke får sjå korleis det heile foregikk!
Mette

mandag 16. august 2010

Let the Good Times roll....



Hei og hopp!! Eg er no inne på oppløpssida med denne kolleksjonen, og planlegging av show går for fullt!
Eg var i Oslo heile forrige veke og jobba, men måtte en svipptur til Selje for få sydd den siste skjorta, og for å få brodert logoen på endel plagg! Tur-retur vestlandet på under 48 timer..
Eg hadde det superartig i lag med dei flotte damene på Selje! Eg må sende en spesielt hjertelig takk til Ingrid, som var sjukmeld pga operert skulder, men kom alikevel å redda produksjonen!! For ei herlige dame!!

Ellers går forberedelsane til showet veldig bra, så bra at eg blir stressa av at eg faktisk ikkje stresser... Om dokke forstår den...

Pressa har og våkna til liv, og no skal vi intervjues både her og der!! Kjempe kjekt, men og veldig skummelt! Eg er av den typen som skravler MEIR til meir nervøs eg er... problemet da er at eg ikkje har kontroll på kva som kjem ut.. Hehe... men satser på at det går sånn tolelig greit..
Skal legge ut ein fyldig rapport her etter showet!!
Mette

fredag 6. august 2010

Huhei hvor det går!!


No er det plutselig blitt fart på sakene!
Eg er no i Oslo og driver med forberedelser til showet, presse handtering, ferdigstilling av nettside og siste rest av klea må på plass!!
Etter at eg sendte pressemelding i går, ca 23 har eg allerede fått intresserte magasin og aviser!!
Artig! ...og litt skummelt... Eg er jo ikkje så glad i oppmerksomhet!! hehe.... ja det er sant!
Men det er en del av kaka, så eg må no berre prøve å få sagt noke fornuftig...

Vi skal ha visning i Suiten på Thon Hotell Panorama, i oslo den 18.august!
Vi har litt begrensa plass, men dei som les dette kan ta kontakt med meg, og da skal eg ordne ein plass på gjestelista!
Skal prøve å holde dokke løpande oppdaterte fra moteverden!!

PS: Mykje salat i bedet mitt om dagen! :)

tirsdag 20. juli 2010

Plutselig Nederland!



No går tida fryktelig fort, og ting skjer enda fortere!
Kolleksjonen var jo ferdig, og eg måtte få tatt noken bilder... Og det hasta!
Katalog må i trykken og invitasjoner skal sendes ut! Berre en måned igjen.
Møtte fotografen min Thomas Morel i Oslo ( sjekk ut nettsida hans, dette er eit stort talent! http://www.thomasmorelphotography.com/ ), søndag i forrige veke.
Thomas er fra Nederland, og det viste seg at han skulle dit i bryllup til broren.. "Du kan jo berre bli med dit, så tek vi bildene der, eg har ein kjempe ide". Mette: "eeeh...går det da? det er jo berre to dager til, og klea mine er på Eid " Thomas: "Alt går." Og det er sant; alt går!
Mamma fikk i oppdrag å pakke kle og finne pass... lasset blei sendt nedover med min kjære svoger ( som eg skylder en haug barnevakter ) tysdagen. Og på onsdag ettermiddag kjørte vi avgårde!
Etter 14timers biltur, gjekk vi så og sei rett på location og begynte å ta bilder!
Gutane vi brukte som modeller var super flinke og ga 100%. På to dager klarte vi å rigge opp på 3 ulike locations. Vi var rimelig sletne begge to etter desse intensive dagane. Men vi hadde det gøy, og eg lærte utrulig masse!
Impulsivt. Men bildene vart kanon bra!!

Etter at fotoshooten var ferdig, fekk eg to dager ferie i Amsterdam! Eg rusla rundt og samla inspirasjon. Mykje god mat og drikke vart det og!
Eg kan anbefale Nederland på det varmaste! Særegen historisk arkitektur, og mykje nytt og spennende på design fronten.
Nederlendere er fantastisk hyggelige folk!! Alltid hjelpsomme og genuint intresserte.

No framover må eg jobbe med showet vi skal ha i Oslo. Broren må fikse katalog og invitasjoner! Ein heildel å ta tak i før det kan gå av stabelen! Påtide å samle trådane, og riste av seg feriemodusen!!
Mette

mandag 28. juni 2010

This is it!!!

Denne veka er det wrap up!!
No får det bli som det blir, og vere det det vart!!
Det er vanskelig å avslutte skjønar dokke.. Noken ting har ikkje funka i det heile, andre ideer har blitt meir enn ein... Men kolleksjonen er so å seie klar!!!!!!
GOODTIMES blir navnet vi har valgt, og eg er etterkvart ganske fornøyd med det! (måtte tygge litt på det, men smakar bedre og bedre.... ) Broren jobber iherdig med profil, logo og ymse...


Skjortene mine som eg har prosusert via Selje skjortefabrikk er no komne på plass.
Eg er heilt imponert over kva dei har fått til! Det kunne ikkje ha blitt stort beire... av 12 skjorter er det 2 som ikkje fungerer.. og dette pga feil stoff.. som igjen ein kan skulde designeren... :)
Ein stor takk til gjengen til Geir uti Selje!! Fyttirakkeren, kjekkare folk skal ein leite lenge og vel etter!
Dei deler sin kunnskap og sine kontakter betingelselaust, og det er ikkje mange som gjer i dagens samfunn!

Denne veka har eg fått sydd dressane mine hos Frislid, her på Eid.
Ja, det finnast faktisk ein fabrikk i norge som produserer!!
Ein fantastisk dyktig gjeng, som har stått på og gjort alle mine rare idear til verklegheit...
Kjempe spennande, og lærerikt på alle måter!
Lesson one: Det kan vere greit å ha litt meir stoff enn akkurat nok.... hehe...
Lesson two: Ein er ikkje god, før ein kan å jukse!!

Eg er strålande fornøgd med resultatet, men utrulig spent på kva resten av Norge kjem til å syns da... HJELP!!
Forhåpentligvis vert det "release party" og visning i Oslo i midten av august... Og alle er herved innvitert!
Mette

onsdag 12. mai 2010

Mette blogger!


Hei!
I går kom eg att frå den siste samlinga i regi av Innovasjonnorge. Der lærte vi mellom anna om mediahandtering og sosiale media! Kjempe intressant, og det gjekk opp mange lys om kva makt dei nye sosiale media har, og ikkje minst kva ein kan bruke desse til som nystarta buisnessmann/kvinne.
So da måtte eg hive meg over bloggen min! Eg har jo vore litt til og frå her.. Det er liksom ikkje så lett å vite kva som er av interesse for andre enn meg sjøl.. og ofte skjer det jo ikkje så mykje anna enn at eg sit å syr..
Men eg har funne ut at sidan denne bloggen heiter "livet på landet", så må eg jo fortelje om korleis livet på landet faktisk er.
Så dette blir ein presentasjon om kven og kva eg omgjer meg med, når eg ikkje sitter å kreerer..
Kanskje vel så intressant!
Eg har forressten endelig fått meg en ny, skinnande macbook pro!! Så det hjelper på motivasjonen til blogging, det er sikkert! ;)
Vel... "livet på landet"... No er det faktisk stortsett vår her! (seier stortsett, fordi ei og anna snøkave har surra seg forbi i det siste!!...blir ikkje liggande, men likevel?!?!?) Møkkalukta ligg som eit tungt teppe over Hauane idag, så våren er definitivt her. Og i den anledning har det klødd litt i dei grønne fingrane mine! Har lenge hatt lyst til å lage kjøkkenhage, noko som har vore vanskelig å gjennomføre på Tøyen, men her har eg alle muligheiter til det!
Og dei som kjenner meg, veit jo at eit lite bed ikkje er nok! Eg har planar om eit lite hageanlegg rett og slett... Fire store steinbed, med grusgangar mellom, ein støypt arbeidsbenk, bærbusker og ikkje minst ein hagegnom er med i planane! Eg har båre stein til eg har sett stjerner, og bisepsen har fått etterlengta trening! Men gud kor godt det er med tungt fysisk arbeid av og til! Hakking, spading og altså då mykje steinbæring. Ikkje heilt ferdig, men dokke ser tegninga?
Men så fine bed, treng vekstar. Eg og mammasen har sådd iherdig og ingen krok er ledig..
Brokkoli, tomater ( ja...må nok bygge drivhus og! ) agurk, gressløk, kruspersille, basilikum, timian, rosmarin, reddik, gulerøtter og litt blomster er påveg utav frøene og opp i lyset!!
Om dei ikkje frys ihel, kan dette bli ei fin avling iløpet av sommaren/hausten.

Og så kjem vi til folk og dyr på Bjørhovdegard! Eg bur altså no i leiligheta som Bestemor hadde då ho levde. Har pussa den litt opp, og har litt oppussing igjen.. Dei som bur i andre enden er Mamma, Pappa, veslebror Eivin på 13år, veslesyster Malin på 17år, Doffa the bigel , Minni som er prinsessepusen. Rundt huset vårt surrer det to pensjonerte høner, Paula og Ragna. Ragna legger egg på sine eldre dager, ellers "rydder" dei berre rundt huset. Vi har og ein "minigris",som ikkje er mini i det heile! (Ho var ikkje tilgjengleg for foto idag, men det kjem! Ho er så stygg at det må dokumenterast!) Nufsa heiter grisen og kom til oss etter ei vanskleg skilsmisse.. rett og slett ein skilsmissegris. Vi må ikkje gløyme Mons, den kjeærleikstrengde ute-katten..som emigrerte frå Tante (som bur oppibakken) ned til oss, då Tante fikk seg ein bullterier...
Ikkje alle folk og fe var tilstades til fortshoten idag, men her er eit knippe bilete av mine rare, morsomme og fantastiske naboer!
Som dokke skjønner, livet på landet er slettes ikkje verst!!
Annerledes, men på en god måte!
Mette

onsdag 14. april 2010

VÅR!!!!!!!!!!!!!!

Å vestland, vestland når eg ser deg slik....
No er det virkelig godt å leve!! Sola varmer, det spirer og blodet bruser!
Vinteren var fantastisk fin den, faktisk den beste eg kan huske i "voksen alder".
Men alikevel får eg ein euforisk følelse av å kjenner våren komme!!

Dette smitter jo på energien, og på ateliet har det susa avgårde, så eg trur faktisk eg er ferdig med alle 1.prøvene!! Eg ligger forann skjema!!!?!
Iallefall enn så lenge... hehe..
Det ser ut til at Litauen turen blir skremmande nær deadlinen min, så må nok produsere meir enn eg hadde tenkt sjøl... Men det ordner seg, det gjør det alltid!!
Skal høyre med Frislid om dei kan hjelpe meg med noken dressbukser, i tilegg til jakkene.
Om det går, er det ikkje krise enda!! Eg har trua!!

Til helga tek eg ein Oslo tur, jobb/pleasure! Må lufte vetet litt og jobbe med profilen og div med broren. Men savner ikkje byen så mykje som eg gjorde før.. For eg har jo gjort det!! Masse!
Men no begynner ting å falle på plass.. ting tar tid, dessverre.. litt vanskelig det, når ein er ei utolmodig sjel..
Det eg savner mest med "gamle livet" er uten tvil alle dei gode folka mine i Oslo!!
Så det blir kjekt å helse på! Ser for meg eit herlig cafe-maraton! Og muligens en utepils eller to... ;) God helg!!

mandag 15. mars 2010

Skynda på, skynda på, før nu skal karusellen gå!!

Hei!! Det varte og det rakk... når ein får oppfordringer på facebook om å blogge DA er det påtide!
Beklager at eg har holdt dokke på pinebenken!
Men samme dag som eg fekk svar fra IN miste eg den gode snille bestemora mi...
Så dagen blei veldig rar. Sorg og glede om kvarandre!
For eg fekk faktisk full pott av Inovasjon Norge!!
Kjempe kjekt og litt skummelt... No er det berre opp til meg kva det blir til!
Frislid på Eid skal hjelpe meg med å sy prøver på dressane mine, og eg er i full gang med skjorter og jersey i Selje!
Turen til Litauen er utsatt til etter påske, så da blir det kanskje muligheter for å reise på ein luftetur til bergen istaden...
Skal prøve å holde dokke litt beire oppdatert i framtida!
Mette

torsdag 25. februar 2010

Dommedag...

Eeeeeendelig skal eg få vite om Innovasjonnorge har moglegheit til å hjelpe meg eller ikkje..
Det har tatt litt tid, men sånn er det jo berre...
Det eg har fått tilbakemelding om, er at enten er dei med å støtter med alt dei har moglegheit til, eller så blir det ingenting.
Domen fell i måra.. Spennande og skremande!
Om eg ikkje får noko støtte, må eg jo sei at eg vert skuffa, men det kan jo skje!
Kjem eg da til å ha råd til å gjennomføre planen min alikevel??
Må nok ta meg ein tur i tenkeboxen da.
Og får eg max støtte, er jo det på sett og vis skremmande og!! Herregud, da skjer det, og eg kjem til å føle eit visst press på å lykkast!!?
Vel.... ikkje vits i å bruke energi på begge senario i dag... eg får sjå kva som skjer i måra, og da velge kva panikk som skal ta meg..
I`ll keep you posted!
Mette

mandag 8. februar 2010

Englar finns dom??

Ja det trur eg dei gjer... Sitter iallefall en gjeng ute i Selje!!
Idag har eg snakka med ei bedrift her i Nordfjord, Selje skjortefabrikk.
Dei er villige til å hjelpe meg med kunnskap og kontakter for produksjon i Litauen!!
Denne gjengen har erfaring frå både strikk, jersey, skjorter osv....
Og ikkje tar dei store summer i konsulenthonorar heller; nei dei gjer det fordi dei er glad for at noken kjem til Nordfjord og våger å satse! Eg kan berre takke og bukke, og håpe på at det kan bli verdt det for dei og ein gong i framtida...
Eg skal ut dit på onsdag å snakke meir med dei, og sjå på kva maskiner eg evt kan leige.
Gledar meg stort!!
Einaste problemet er at eg må kjøyre ut heilt sjøl.. og ja eg har lappen... Nordfjordlappen.... Dei siste 10åra har eg berre kjøyrt bil tur-retur Hauane-Nordfjordeid.
Men den utfordringa må eg berre ta! T-bane er det dårligmed her på bygda.. ;)
Dette blir gøy!!!
Tjobing!
Mette :)

torsdag 4. februar 2010

Hva skal barnet hete??







No begynner eg å bli startklar i ateliet mitt!



Eg får leie veldig rimelig i toppen av moengården, i lokaler som tidligare var eit tannlegekontor..
Det er fortastt litt sterilt, men begynner å hjelpe no som eg har fått opp rotet mitt!
Utsikt over fjord og fjell har eg og! Kjempe stas!
I måra er eg innvitert på "smak av gourmet" i måløy, så det blir tidlig helg!! Men det føler eg at eg har fortjent!!
Men det er noko som sit fast.... Kva skal merket vårt heite?? eg og brodern sender forslag etter forslag til kvarandre...men alltid har den andre noko å utsette på det...Det kjem vel...

Ellers prøver eg å knekke ut glupe ideer og kreative løsningar, og sånn går no dagane!
Eg har det egentlig veldig kjekt!
Venter berre litt spent på Innovasjon Norge, og svar på om dei vil støtte prosjektet mitt eller ikkje...
Blir det fest i helga?? Neppe...hehe... familien skla ha male dugnad i kjellerstova...den skal få eit lenge etterlengta løft...
Men om noken innviterer på vin, so er eg ikkje vond å be altså... ;)

God helg!
Mette






onsdag 3. februar 2010

Mette i winterwonderland.....

Eg visste ikkje at vinteren var så nydelig på vestlandet!!
Eg var i Oslo forrige veke for å hente heim ting og tang... Og tingen er at vinter rett og slett ikkje funker i byen!!
Her er det tindrande kaldt, og sol frå skyfri himmel... Sidan eg er i "en kreativ fase" av prosjektet tillater eg meg å ta en dag i sola istaden for på kontoret!! Haudet tenker så mykje bedre ute i frisk luft, trur eg iallefall...
Skal prøve å laste opp noken bilder av utsikta slik at dokke skjønner kva eg meiner...
Ha ein "strålande" dag!
Mette

tirsdag 26. januar 2010

Ein ny blogger er fødd....

No har Agneta vist meg litt rundt i bloggverdenen...så here goes.
Tenkte at denne bloggen blir for venner og bekjente, evt nygjerrige naboer som lurer på kva eg bedriver tida mi med.
Akkurat no er eg i oslo å flytter resten av saken ut av leiligheten... Gleder meg til å lande på ett sted med alt!!