Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring

Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring
Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring

fredag 18. november 2011

Delmål 1 er nådd!!

Dei siste vekene har vore prega av mykje jobbing og følelsen av ikkje å komme noken vei.. 
Det har vore sand og skit overalt, riving og riving og riving.... 
Derfor smakte det ekstra godt då dagen endelig var her!! vi skulle støype golv!! 
I forkant har vi jamna til sanden etter alle kunstens reglar, lagt fuktsperre (ein slags plastduk) og isopor oppå der . Kjøkkenet, badet og gangen har fått varmekablar som vart lagt før støyping.
Det vart lange dagar og seine  kveldar før vi endeleg kom i mål og var klar for å ta imot elektrikaren.
Eid YIT stod for legging av varmekablar. Flotte og effektive folk!

Då støypedagen kom måtte vi kalle inn forsterkningar og godaste Einar stilte på! Godt med sånne folk!
Pappa var stressa på alt og alle, men det gjekk strålandes. Det er sååååå vannvittig deilig med golv!!
Dette var mitt første delmål, og smaken av bobler var aldeles fortreffelig etter fleire dager med stress og hard jobbing. 
Vel fortjent om eg får lov til å sei det sjøl... ;)

kjøkkenet før støyping

kjøkken undervegs..

stova før støyping..

badet..

fine Einar var god å ha på støypedagen!

full konsentrasjon...

..etter støyping!! er det ikkje vakkert??



Bobler må til etter ein slik bragd!
Verdens beste pappa; sliten og glad!


onsdag 2. november 2011

Tankar og idear!

Ei stund sia sist, og det er mange grunnar til det...
Hovedsaklig er det fordi det ser så uendelig trist ut i huset no.. Berre sand og drit!
Blir ikkje fine bilder av slikt.
Kvar veke trur eg at eg straks er klar til å støype golv, og så kjem vi (eg og papsen) på at vi bør vel gjere det først, "sikkert lurt å gjere det før vi støyper" har vore gjengangaren i diskusjonar vi har hatt dei siste to vekene!
I tillegg har eg vore slått skikkelig ut av ein kjip influensalignande tilstand.. Har vore frårøva all energi og i tillegg hostar eg som ein kar med kols. Papsen har komandert meg ut av huset og heim opptil fleire ganger, frustrerande og ikkje klare å bidra.
Men det vi har gjort er; Fjerna alle gamle betonggolv, ##%&# dritjobb! Ein stor takk til Frode Hjelmeland, som kom ein kveld og fekk fart på den vesle gravemaskina vi hadde inne i huset.
Øystein-rørlegger har lagt ferdig alle rør til kjøkkenet og badet nede! (hurra!!)
No skal vi snart støype altså...skal berre først...

Men i mellomtida koser eg meg med å bestille tapetprøver, fliseprøver og leike meg med tankar og idear. Det er slikt som held ein stakkar oppe!
Dei fleste av tapetprøvene har eg bestilt frå www.tapetgalleriet.no Men den senepsgule fløyelstapeten som dokke ser på rull, fann eg i ein haug med skrot i ein bakgård i Oslo.
Eg syntes det var ein skatt og tok den med meg, vurderer å la han bu i huset mitt..

Flisene eg har bestilt er frå www.historiskefliser.no, eg vurderer å ha noko slikt i gangen ved hoveddøra.
Someone`s trash, is another man`s treasure..





Men fortsatt er alt berre tanker og idear som får flyte fritt ei stund til.
La oss vere ærlege; eg har god tid på å bestemme meg!