Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring

Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring
Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring

fredag 18. november 2011

Delmål 1 er nådd!!

Dei siste vekene har vore prega av mykje jobbing og følelsen av ikkje å komme noken vei.. 
Det har vore sand og skit overalt, riving og riving og riving.... 
Derfor smakte det ekstra godt då dagen endelig var her!! vi skulle støype golv!! 
I forkant har vi jamna til sanden etter alle kunstens reglar, lagt fuktsperre (ein slags plastduk) og isopor oppå der . Kjøkkenet, badet og gangen har fått varmekablar som vart lagt før støyping.
Det vart lange dagar og seine  kveldar før vi endeleg kom i mål og var klar for å ta imot elektrikaren.
Eid YIT stod for legging av varmekablar. Flotte og effektive folk!

Då støypedagen kom måtte vi kalle inn forsterkningar og godaste Einar stilte på! Godt med sånne folk!
Pappa var stressa på alt og alle, men det gjekk strålandes. Det er sååååå vannvittig deilig med golv!!
Dette var mitt første delmål, og smaken av bobler var aldeles fortreffelig etter fleire dager med stress og hard jobbing. 
Vel fortjent om eg får lov til å sei det sjøl... ;)

kjøkkenet før støyping

kjøkken undervegs..

stova før støyping..

badet..

fine Einar var god å ha på støypedagen!

full konsentrasjon...

..etter støyping!! er det ikkje vakkert??



Bobler må til etter ein slik bragd!
Verdens beste pappa; sliten og glad!


onsdag 2. november 2011

Tankar og idear!

Ei stund sia sist, og det er mange grunnar til det...
Hovedsaklig er det fordi det ser så uendelig trist ut i huset no.. Berre sand og drit!
Blir ikkje fine bilder av slikt.
Kvar veke trur eg at eg straks er klar til å støype golv, og så kjem vi (eg og papsen) på at vi bør vel gjere det først, "sikkert lurt å gjere det før vi støyper" har vore gjengangaren i diskusjonar vi har hatt dei siste to vekene!
I tillegg har eg vore slått skikkelig ut av ein kjip influensalignande tilstand.. Har vore frårøva all energi og i tillegg hostar eg som ein kar med kols. Papsen har komandert meg ut av huset og heim opptil fleire ganger, frustrerande og ikkje klare å bidra.
Men det vi har gjort er; Fjerna alle gamle betonggolv, ##%&# dritjobb! Ein stor takk til Frode Hjelmeland, som kom ein kveld og fekk fart på den vesle gravemaskina vi hadde inne i huset.
Øystein-rørlegger har lagt ferdig alle rør til kjøkkenet og badet nede! (hurra!!)
No skal vi snart støype altså...skal berre først...

Men i mellomtida koser eg meg med å bestille tapetprøver, fliseprøver og leike meg med tankar og idear. Det er slikt som held ein stakkar oppe!
Dei fleste av tapetprøvene har eg bestilt frå www.tapetgalleriet.no Men den senepsgule fløyelstapeten som dokke ser på rull, fann eg i ein haug med skrot i ein bakgård i Oslo.
Eg syntes det var ein skatt og tok den med meg, vurderer å la han bu i huset mitt..

Flisene eg har bestilt er frå www.historiskefliser.no, eg vurderer å ha noko slikt i gangen ved hoveddøra.
Someone`s trash, is another man`s treasure..





Men fortsatt er alt berre tanker og idear som får flyte fritt ei stund til.
La oss vere ærlege; eg har god tid på å bestemme meg!

tirsdag 11. oktober 2011

So far, so good..??

Kjøkken; Her skal ovn og vask vere.

Det må alltid bli verre, før det blir bedre heiter det! Og no kan det snart ikkje bli stort verre...
No har eg snart revet alt og litt til!
Ein kan ane korleis kjøkkenet blir.
Nesten alle golv er borte, og det er "rock bottom".. bokstavlegtala..
No er det pigging av badegolv, og diverse anna sement som står for tur. Men da er det straks tid for å støype golva.... Det skal bli fantastisk!  Tenker den første sjampisflaska vert satt til livs når golva er støypte.
Eg har bestemt at alle delmål skal feirast med ei flaske bobler! Motivasjon og feiring er viktig.

Det har seg slik at kommuna drive å grev rundt huset mitt, dei skifter litt vann og kloakkledninger. Dette er jo gullegodt for meg, fordi dei grev omtrent bort til husveggen min, så da benytter eg sjansen og bytter ut alt av rør og slikt. Dyrt no, men det er jammen godt med alt som er gjort!

Det er utrulig kva ein kan klare å dra ut av eit gammalt lite hus.  Ein giga konteiner er smekk full, vi har ved  til 2018, og pipene ligg fint oppdelt på plenen. ( Heltane frå sør har lova å mure utepeis til sommaren!)

Mellom slaga i huset prøver eg å sette istand litt møbler som på sikt skal innatt i huset.
Første prosjekt er ein etasjeovn som skal stå i gangen. Den vert pussa fri for rust og skit, så skal eg smøre den inn med ovnssverte.
Ovnen stod oppe på eit av soveromma, og eg liker tanken på at han fortsatt skal få bu i huset og komme til sin rett igjen.


Bildet er tatt fra midt i kjøkkenet

Stova; eit herleg kaos..

Her ligg pipa og venter på å bli utepeis!


Uteplassen ser ut som ei fylling.. sukk..

Prosjekt etasjeovn!



To be continued.... Stay tuned!


mandag 3. oktober 2011

Helt om dagen, helt om natten!

Etter ei herlig veke i Hellas, med sol og bading, er eg tilbake for fullt!
Eg er proppfull av energi og pågangsmot, det er bra ja.. for lets face it; det trengs!!

I helga som var har eg hatt besøk av to flotte kara frå det blide sørland!
Dei satt ute tidlig på morningen å venta på hjorten, reiv piper, vegger og golv på dagtid, og jakta igjen utpå kveldinga.
Ein byttehandel som iallefall eg vart strålande fornøgd med!
Det er so kjekt når ein er fleire som jobber, da ser ein plutselig resultata litt fortare.
Så Frode og Kristian; Tusen takk for innsatsen,  dokke er velkommen tilbake når som helst!! :D
No er altså begge pipene revne, kjøkkengolv og ganggolv borte og brantmur nede.
Det som gjenstår er riving av badet og resten av kjøkkenet. 

 Snaaaaart er det "berre" å bygge ting opp igjen!
Etter resten av rivinga er det støyping av golv og pipe som står for tur!
Gleder meg veldig til å begynne å ta friskt treverk inn, og sjå at ting tek form...
Ikkje minst ser eg fram til å velge farger på vegger, fliser, mønster på tapeter osv...
sukk.. i mellomtida hamstrar eg interiørblader og bader i inspirasjon.


Helgas helter!


Det var ein gong ei pipe... no må vi berre bygge ny!

Her var det og ei pipe, den skal forbli borte.





søndag 11. september 2011

Riving og skatter!

Det går frammover med rivinga og før helga hadde eg og mamsen ein kjempe innsats!
Vi reiv alt tak opp til mønet, taket i arkrommet, og vi er begynt å rive stovegolvet. Dette er god trening!
Oppe på mønetaket var det enorme mengder støv, her snakker vi 150år med støv...
Etter denne seansen skal eg helse og sei det var godt med en dusj. Men gøy var det å sjå resultatet, ei heilt anna romkjensle!

Den forrige eigaren satte igjen ein heil del gamle møbler, som eg kjem til å bruke i huset. Enten som dei er idag, eller gje dei eit strøk maling eller to.
Mellom skattane som er att i huset er eit rosemåla, todelt vitrineskåp, eit fantastisk stykke møbel!
Det kan eg rett og slett ikkje male, så det må eg få til å passe inn som det er.
Det er eit anna vegghengt skåp, som er malt i ettertid, det tenker eg vert turkis etterkvart og muligens plassert på kjøkkenet.

Ei nydelig porselens-dame-lampe fekk eg og på kjøpet, ilag med eit vaskefatskåp, gamle krokar, og tapet.
Den raude lampa som heng på "syrommet" skal eg muligens ha i stova, ilag med det flotte raude "vedfanget".
Ein knappenålsboks datt ned i haudet på meg ein dag eg reiv ein vegg, ein ekte skatt for ei sydame som meg!

Dette er berre nokre av skattane som er att i huset. I tillegg er her fleire bord, to skjenker, mange stolar og mykje meir... dei vert presentert etterkvart.

God arbeidsveke til dokke alle!











onsdag 24. august 2011

Prosjektet














Det vart etterlyst litt fleire bilder, og det skal dokke få!
Det er berre å beklage seg over kvaliteten, det skal investers i eit speilreflekskamera snart. Men foreløpig er det kun mobilbilder...
Villa Mathilde, som mamma kaller huset, består av; Gang, stove, kjøkken, to soverom og bad i første etg. Oppe er det to ganske store soverom, og eit arkrom, som egentlig blir en gang.
Eg har planer om å bygge på ei ark på det stygge påbygget på baksida av huset. I den arka blir det bad og muligens ei stor bod.
Tomta er faktisk overraskande stor, og det er egentlig huset og!
Legger ut bilder av hagen, og bakgården med steinbordet.
Eg er i fullgang med riving på innsida, mykje rart dukker fram fra svunne tider.
Mose og spo er brukt som isolasjon (støver noke heilt forjæ...), og fleire lag med nydelige tapet er å skimte under plater og panel.. Ingen tapeter er bevarte dessverre, men kjekt å ane suset fra fortidas interiør entusiaster.