Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring

Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring
Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring

fredag 10. august 2012

Dugnad og framgang.


Heisann godtfolk!

Eg fekk besøk i huset i går, av ei som tidlegare har vore eigar og nytta huset mykje i feriane sine på Eid.
Ho kommenterte at ho fulgte med på bloggen, men at no var det lenge sia eg hadde skreve noke!!

So no må eg nesten komme med ei lita oppdatering.
Ein av grunnane til at eg ikkje har oppdatert bloggen i det siste, er at vi har gjort mykje utvendig arbeid.
Og kor spennande er det egentlig med etterisolering og bordkledning??
Men no er vi iallefall ferdige med så og seie all etterisolering og bordkledning av det gamle huset.
Påbygget kan vi ikkje begynne på, då eg ikkje veit kva vi faktisk får lov til enda...

Det artigaste som har skjedd sidan sist, er at vi har fått i alle nye vindu! Sjølv om vindua er nye er det ei tilbakeføring i stil, og mykje riktigare for huset. Eg er super fornøgd!
 
Og NO er det taket som står for tur..
Eg innviterte ein søndag til taksteinsdugnad.       ( Etter kjerketid såklart! ) Og for ein gjeng eg hadde på taket!!
Tusen takk til Trine, Thomas, Steven, Trond, Kristin, Eivin, Malin og så klart Pappsen! ( Stor takk til damene som lånte ut mennene sine, og var heime aleine med ungeflokken på ein søndag!! )
Det tok oss drøye to timer, og vips var all takstein nede.
Etterpå hadde vi middag, vafler ( som Linda kom med!! :)  ) og kaffi på taket.
Ein utrulig kjekk dag!
No skal det leggast sutak, trod og papp. Og ein gang på vårparten neste år satsar vi på å legge oppatt steinen.

Ein annan grunn til at eg ikkje har skreve så mykje i det siste, er rett og slett Eid kommune..
Det har vore ein heil del byråkratisk styr, og det tar faktisk mykje energi.
Det er greit at eg er "kjerringa mot straumen", men av og til finns det grenser kor mykje motstraum ein orkar...
Men eg vil ikkje bruke denne bloggen til den delen av prosjektet, håper berre ting ordner seg snart.

Det som er veldig kjekt er at mange kjente og ukjente Eidarar som går forbi huset er utruleg positive til det arbeidet eg gjer, og seier det til meg! Slikt varmar!
Ofte stopper eldre menneske opp og deler ei lita historie om huset eller tidlegare eigarar.
Det er då eg finn igjen grunnen til at eg kjøpte dette huset, og tok på meg denne oppgåva...

Skal prøve å bli flinkare til oppdatering! Nyt seinsommaren!

Ein fantastisk gjeng!!


Høgt henge dei, men sure er dei aldeles ikkje!

Kristin viste seg å vere eit naturtalent i fjerning av takstein!


Eigaren av huset er strålandes fornøgde med dugnadsgjengen!

Middag og kaffikos... akkurat slik ein god dugnad skal avsluttast!