Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring

Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring
Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring

tirsdag 1. februar 2011

Good times in Kaunas!



Godt nyttår folkens!
Det må vel fortsatt vere lov å seie? Vi er jo tross alt såvitt ferdig med mnd nr 1...
I skrivande stund er eg igjen i Kaunas by! Det er noke med stille hotellrom som innbyr til blogging og ettertanke... ( les: TID!!! )
I den siste tida før eg kom hit har eg jobba mykje ilag med dei kjekke damene på Frislid!
...og mennene!! Karane på kontoret er hjelpsomheita sjølv! Er det noke eg lurer på angåande toll, VAT nr, transport osv ( det er faktisk ganske ofte eg lurer på ting...) så stiller dei villigvekk med svar på altmulig og litt til!
På Frislid har eg med god hjelp laga 3 jakker og eitpar vester. Super fornøgde med resultatet og kan ikkje vente med å vise det fram!

Som dokke ser lenger oppe er inspirasjonen til haust/vinter kolleksjonen vår frå ville westen og Cowboyer.
Dette kom til meg i sommar faktisk.. Eg, mammsen og pappa var på hytta, og vi skulle lage platting.
Det vil seie, eg og mamma skulle gå i fjellet, og pappa skulle snekre.
Mamma hadde då ho handla daglegvarer på "Laje" funne nokre westernbøker til far.
Han simpelten ELSKAR westernbøker. Han kan sovne med den mest spennande Anne Holt boka i handa, men Western det les han frå perm til perm på ein dag!
Slik blei det og i sommar.
Etter ein 8timar lag fjelltur kom vi igjen svette og sletne;
Ei fjøl hadde pappsen fått på plass!? ( Dokke som kjenner han Svein, veit at her jobbast det! Ein sit ikkje på ræv berre fordi det er ferie!..) Men misforstå meg rett; Det er han virkelig vel unt!!
Men denne fasinasjonen av cowboyer og indianarar, fasinerer meg.... Eit fint "menn blir gutar igjen"- moment!

Her i Litauen har dei jobba med dei første prøvene på jakker for meg.
Det har vore kjempe spennande, fordi det er første gang eg kun har gitt frå meg tegninger og målskjema.
Som alle forstår kunne dette ha gått begge veier.. Oslo fashion week er om knappe to veker, så det hadde vorte ei aldri så lita krise om ting ikkje var klart.
Men som dokke sikkert allereie har skjønt gjekk det aldeles strålande!
Det var berre mindre korrigeringar, og no ventar eg spent på det ferdige resultatet!!
Om eg er veldig heldig får eg jakkene med i kofferten når eg fer på torsdag!!! :D
Gjennom Skjorte fabrikken Selje, no Uniformspartner, har eg fått ufattelig god hjelp! Eg må vere ærleg å sei at ingenting av det eg gjer no, kunne eg ha klart utan hjelp frå Selje-folket og gjengen på Frislid!! Kan ikkje få takka nok!

Planen vidare er altså Oslo Fashion week. Denne gangen er kolleksjonen mindre, så vi satser på å avtale møter med innkjøpere istaden for visning.
Visning er kjekt det, men det koster og tek tid.. Men når eg får meg ein assistent eller to, då blir det andre boller!!
Det gjenstår fortsatt litt jobb med ferdigstilling av plagg, labels, trykk, salgstelefonar og mykje anna før vi entrar Tigerstaden med kolleksjonen vår!
Om du kjenner til, eller sjølv er innkjøper, ta gjerne kontakt med oss for ein kikk på kleda våre!!

Eg har forøvrig fått høyre at det er vanskelig å kommentere på bloggen min... No har eg gjort nokre endringar, så om dokke gir ein pip, så ser eg om det funker! eller ikkje :)

I`ll keep you posted!!

Mette :)