Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring

Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring
Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring

fredag 24. september 2010

So far so good!!

Og plutselig var hausten her?!? Kva skjedde egentlig med sommaren??
For min del vart det mykje jobb og lite sol...
Men har innfunne meg med at sommarferie må vi ta igjen til neste år.

Etter OFW har det gått slag i slag med innsalg. Eg har turnert Bergen, Stavanger og Trondheim med kolleksjonen. Salget har gått som forventa... altså tregt. Vi er eit nytt merke så folk rundt omkring er skeptiske, og det er jo ett sunnhetstegn i seg sjøl egentlig.
Vi har fått inn nokre jakker og skjorter i Bergen, Stavanger, Oslo og jobber med Trondheim!
Det er absolutt en start!
Nesten alle butikkane er intressert i å sjå neste kolleksjon. Her gjeld det å ta med seg det positive og ikkje dvele med det negative!!! (ein liten kunst i segsjøl det..)

Etter Norgesturneen, drog eg og brodern til Paris på ei av verdas største stoffmesser!
No handler det om Høst/vinter 2011!! I eit hav av stoff og inntrykk, skulle vi velge ut nokre stoff til vår vesle kolleksjon.. Veldig vanskelig og veldig kjekt!!!
Paris er fantastisk og inspirerande so mange av ideeane har allerede fått grobunn..
Etter paris, var det rett heim til Nordfjordeid og moteshow på Eidamessa!!
Tusen takk for at eg fekk vere med, og takk til gutane som stillte som modeller; kjempe innsats!!

No framover er det igangsetting av produksjon som gjeld, samstundes som ny kolleksjon skal utviklas, så med andre ord vert det hektisk! :)
Ute i hagen gror det og godt, så slenger med eit bilde av gresskaret mitt!
God haust!