Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring

Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring
Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring

onsdag 2. november 2011

Tankar og idear!

Ei stund sia sist, og det er mange grunnar til det...
Hovedsaklig er det fordi det ser så uendelig trist ut i huset no.. Berre sand og drit!
Blir ikkje fine bilder av slikt.
Kvar veke trur eg at eg straks er klar til å støype golv, og så kjem vi (eg og papsen) på at vi bør vel gjere det først, "sikkert lurt å gjere det før vi støyper" har vore gjengangaren i diskusjonar vi har hatt dei siste to vekene!
I tillegg har eg vore slått skikkelig ut av ein kjip influensalignande tilstand.. Har vore frårøva all energi og i tillegg hostar eg som ein kar med kols. Papsen har komandert meg ut av huset og heim opptil fleire ganger, frustrerande og ikkje klare å bidra.
Men det vi har gjort er; Fjerna alle gamle betonggolv, ##%&# dritjobb! Ein stor takk til Frode Hjelmeland, som kom ein kveld og fekk fart på den vesle gravemaskina vi hadde inne i huset.
Øystein-rørlegger har lagt ferdig alle rør til kjøkkenet og badet nede! (hurra!!)
No skal vi snart støype altså...skal berre først...

Men i mellomtida koser eg meg med å bestille tapetprøver, fliseprøver og leike meg med tankar og idear. Det er slikt som held ein stakkar oppe!
Dei fleste av tapetprøvene har eg bestilt frå www.tapetgalleriet.no Men den senepsgule fløyelstapeten som dokke ser på rull, fann eg i ein haug med skrot i ein bakgård i Oslo.
Eg syntes det var ein skatt og tok den med meg, vurderer å la han bu i huset mitt..

Flisene eg har bestilt er frå www.historiskefliser.no, eg vurderer å ha noko slikt i gangen ved hoveddøra.
Someone`s trash, is another man`s treasure..





Men fortsatt er alt berre tanker og idear som får flyte fritt ei stund til.
La oss vere ærlege; eg har god tid på å bestemme meg!

4 kommentarer:

  1. Åå, det kjem til å bli så bra!! og god bedring ;)
    ps: begynte nesten å lure på om du har glømt å stille klokka, blogge før klokka er 07 om morningen.. imponerande;p Hanne

    SvarSlett
  2. ...eller så var berre klokka her heilt feil.. hehe såg det vart feil tid med meg og:p

    SvarSlett
  3. hehe....det er nok noke med klokka her ja... Eg er ikkje slikt eit morgenmenneske! :)

    SvarSlett
  4. Meeeeeeget bra Mette! Høyrest u som om du har lagt en god plan for huset. Det kjem til å bli kjempefint! Du e jammen et arbeidsjern!! :)
    Stine B

    SvarSlett