Dei siste vekene har vore prega av mykje jobbing og følelsen av ikkje å komme noken vei..
Det har vore sand og skit overalt, riving og riving og riving....
Derfor smakte det ekstra godt då dagen endelig var her!! vi skulle støype golv!!
I forkant har vi jamna til sanden etter alle kunstens reglar, lagt fuktsperre (ein slags plastduk) og isopor oppå der . Kjøkkenet, badet og gangen har fått varmekablar som vart lagt før støyping.
Det vart lange dagar og seine kveldar før vi endeleg kom i mål og var klar for å ta imot elektrikaren.
Eid YIT stod for legging av varmekablar. Flotte og effektive folk!
Då støypedagen kom måtte vi kalle inn forsterkningar og godaste Einar stilte på! Godt med sånne folk!
Pappa var stressa på alt og alle, men det gjekk strålandes. Det er sååååå vannvittig deilig med golv!!
Dette var mitt første delmål, og smaken av bobler var aldeles fortreffelig etter fleire dager med stress og hard jobbing.
Vel fortjent om eg får lov til å sei det sjøl... ;)
kjøkkenet før støyping |
kjøkken undervegs.. |
stova før støyping.. |
badet.. |
fine Einar var god å ha på støypedagen! |
full konsentrasjon... |
..etter støyping!! er det ikkje vakkert?? |
Bobler må til etter ein slik bragd! |
Verdens beste pappa; sliten og glad! |