Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring

Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring
Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring

tirsdag 10. april 2012

Og plutselig var det april!

Hjelpes kor tida fyke!
Eg har farta mykje i det siste, og har jobba på ikkje mindre enn 4 ulike arbeidsplassar...
( då meinar eg utanom huset altso.. ) Eg kjenner på at eg ikkje har fått gjort "nok".. Men sånn er det vel alltid, uansett kva ein driv med??
Men eg har no fått gjort litt.

Pipa er så og seie ferdig, manglar akkurat det som skal gjennom taket.
Veldig fin styrketrening å få steinane opp stigen!
Syrommet har fått nytt golv, noko eg har lagt heilt sjøl!!
2,5cm skikkelig tregolv, med pin og not, og med usynlege skruar! Veldig stolt!
Det vart feira med ei flaske sjampis og eit aldri så lite bursdagsselskap litt seinare.
 Med meir bobler, piker, vin og sang -Så klart!

Før eg tok påskeferie retta eg opp, isolerte og la gips på stoveveggane.
Grunna for mange gamle døråpningar av ymse slag, får eg ikkje tatt vare på tømmerveggane.
Men gipsen skal dekkast med ein herleg tapet fra Kulør Eid Fargesenter!
Eg har ikkje heilt bestemt meg, det er altfor mykje pent å velge mellom.
Men lekkert blir det nok uansett.


Ellers kranglar eg fortsatt med Eid kommune og kulturminne avdelinga i fylket om korleis eg skal få lov å bygge.. Kjedelig å bruke energien sin på slikt.
Eg treng bad i 2.etg og dei meiner at det vil ødelegge saltaket ( som egentlig ikkje er eit saltak) og at det vil bryte med byggeskikken i Eid sentrum..
Sånn går nu dagan!!


                            Mette :)


Ny pipe er på plass!

Mitt første sjølvlagde golv...

Vart det ikkje pent? Skal etterkvart beisast brun/grått..kanskje? 

Mathilde inviterte fine folk på sitt første kalas.

Mamsen inspiserer og er overraska over produktiviteten!



4 kommentarer:

  1. Du er berre så utruleg kreativ,positiv og flink Mette.Handywoman you see!!

    SvarSlett
  2. Digger å følge med på prosjektet ditt!! Og meget imponert over pågangsmotet og ferdighetane!! Keep up the good work!
    Berre pass på å få ideg ein kaffi eller to i løpet av dagen ;)

    SvarSlett
  3. So kjekt å høyre Vibecke! :) Det står ikkje på kaffien, det er vertfall sikkert... berre spør dei på Didriks..;)

    SvarSlett