Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring

Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring
Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring

torsdag 5. januar 2012

GODT NYTT ÅR!

Jula tok som vanleg over mesteparten av desember, men litt fikk eg jo gjort.
Det kom plutselig nokre fineversdagar, så eg satsa friskt og reiv ned bordkledning på eine endeveggen..
Problemet var berre at det veret som var spådd, ikkje kom...  Utvendig isolering og regn, rimer dårleg.
Men med god hjelp av pappsen kom eg i mål med isolering og asfaltplater.
Det vi har gjort er altså å isolere utvendig med 15cm glava. Dette gjer eg fordi eg gjerne vil bevare tømmerveggane inne, men samtidig ha eit varmt hus.

Dagmar kom og gikk, og både hus og stilas stod etterpå! Snodig å rydde tang og tare vekk fra byggeplassen..
Eg fekk meg snekkerbukse av mamms og papps til jul, damemodell kjøpt hos "skogryddaren" lenger bort i gata. Super fornøgd med den, god å bevege seg i og mange lommar!
Iført ny habitt begynte det nye året med bordkledning.
Etter ei rask innføring frå pappsen, smelte eg opp resten sjøl. ( Stolt! )
Til helga håper eg på å isolere stovegolvet, og kanskje begynne å mure pipe!
Huhei hvor det går! Dette blir eit flott år!

Litt julestemning måtte vi jo få til i stova! Utvilsomt eit fint julehus..

Riving av gamal bordkledning...

Stendring, og vatring ..

Gamalt møter nytt

Bordkledning er som å strikke på rundpinne, det er vanskelig å avslutte!

Stolt av dagens innsats! (veeeeldig bra styrketrening var det og! )

Ny snekkerbukse frå Skogrydderen! :D
                            
                                Neste sjampiskork spretter når eg har fått fyr på peisen! :D