Denne veka er det wrap up!!
No får det bli som det blir, og vere det det vart!!
Det er vanskelig å avslutte skjønar dokke.. Noken ting har ikkje funka i det heile, andre ideer har blitt meir enn ein... Men kolleksjonen er so å seie klar!!!!!!
GOODTIMES blir navnet vi har valgt, og eg er etterkvart ganske fornøyd med det! (måtte tygge litt på det, men smakar bedre og bedre.... ) Broren jobber iherdig med profil, logo og ymse...
Skjortene mine som eg har prosusert via Selje skjortefabrikk er no komne på plass.
Eg er heilt imponert over kva dei har fått til! Det kunne ikkje ha blitt stort beire... av 12 skjorter er det 2 som ikkje fungerer.. og dette pga feil stoff.. som igjen ein kan skulde designeren... :)
Ein stor takk til gjengen til Geir uti Selje!! Fyttirakkeren, kjekkare folk skal ein leite lenge og vel etter!
Dei deler sin kunnskap og sine kontakter betingelselaust, og det er ikkje mange som gjer i dagens samfunn!
Denne veka har eg fått sydd dressane mine hos Frislid, her på Eid.
Ja, det finnast faktisk ein fabrikk i norge som produserer!!
Ein fantastisk dyktig gjeng, som har stått på og gjort alle mine rare idear til verklegheit...
Kjempe spennande, og lærerikt på alle måter!
Lesson one: Det kan vere greit å ha litt meir stoff enn akkurat nok.... hehe...
Lesson two: Ein er ikkje god, før ein kan å jukse!!
Eg er strålande fornøgd med resultatet, men utrulig spent på kva resten av Norge kjem til å syns da... HJELP!!
Forhåpentligvis vert det "release party" og visning i Oslo i midten av august... Og alle er herved innvitert!
Mette