Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring

Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring
Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring

lørdag 11. februar 2012

Januararbeid!

Januar synes eg er den verste månaden i året, kvart år. 2012 var intet unntak...  Eg trur rett og slett at lys-batteriet mitt er tomt i Januar.... Mangel på sollys gjev mangel på energi, arbeidslyst og gnist.
Men når eg ser bakover, så har vi jo fått gjort litt alikevel!
Vi har fått satt inn det første vindauget!  Eg har bestillt Frekhaug vindu, og er VELDIG fornøgd med profilen på desse, og det faktum at dette er dei vindauga i Noreg med smalast post. Vi må ta vare på det lyset vi får!

Eg har revet opp golvet på "syrommet", og med god hjelp av Mamsen fått festa asfaltplater under dei nye stenderane.  No må det berre tørke litt, så er det klart for isolasjon og nytt golv!
Stovegolvet er og blitt isolert, og har fått eit mellombels golv. Ute er det støypt ein ny mur, så endeveggen mot nord er klar for ny bordkledning!

Eg har satt opp min første vegg, skal innrømme at eg var grisestolt då den endelig stod der. Denne veggen skal vere kledd med ein fin tapet, den skal eg finne bort i gata med Thomas og Arve, på Kulør Eid Fargesenter!

Då eg rydda nede i potetkjellaren, fann eg eitpar gamle dører. Fann ut at dei var artige å bruke som lerret, så no har huset faktisk og fått litt kunst til å henge på veggen....når  eg blir klar til å flytte inn!

Svært fornøgd med mine Frekhaugvindu!

www.Frekhaug.com




Mamma;  ganske fornøyd med å vere akkurat passe høg!

Syrommet er klar for isolering.

Isolasjon i stovegolvet.

Ting skal i vater... ikkje berre, berre i eit 150år gamalt hus..

Tatataaaa!! Klarte heilt sjøl! (nesten)

Ei gamal dør, kan brukast til lerret...

...og kan fort bli eit bilde!


Ellers er eit av mine mange nyttårsforsetter "JA til innflytting", for ikkje å gløyme det skreiv eg det like greit på veggen. Motivasjon er viktig! :D Men no er lyset på veg tilbake, og det samme er arbeidslysta mi! Snart vår! Hurra!!