Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring

Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring
Eidsgata 52 anno 1870 eller deromkring

onsdag 12. mai 2010

Mette blogger!


Hei!
I går kom eg att frå den siste samlinga i regi av Innovasjonnorge. Der lærte vi mellom anna om mediahandtering og sosiale media! Kjempe intressant, og det gjekk opp mange lys om kva makt dei nye sosiale media har, og ikkje minst kva ein kan bruke desse til som nystarta buisnessmann/kvinne.
So da måtte eg hive meg over bloggen min! Eg har jo vore litt til og frå her.. Det er liksom ikkje så lett å vite kva som er av interesse for andre enn meg sjøl.. og ofte skjer det jo ikkje så mykje anna enn at eg sit å syr..
Men eg har funne ut at sidan denne bloggen heiter "livet på landet", så må eg jo fortelje om korleis livet på landet faktisk er.
Så dette blir ein presentasjon om kven og kva eg omgjer meg med, når eg ikkje sitter å kreerer..
Kanskje vel så intressant!
Eg har forressten endelig fått meg en ny, skinnande macbook pro!! Så det hjelper på motivasjonen til blogging, det er sikkert! ;)
Vel... "livet på landet"... No er det faktisk stortsett vår her! (seier stortsett, fordi ei og anna snøkave har surra seg forbi i det siste!!...blir ikkje liggande, men likevel?!?!?) Møkkalukta ligg som eit tungt teppe over Hauane idag, så våren er definitivt her. Og i den anledning har det klødd litt i dei grønne fingrane mine! Har lenge hatt lyst til å lage kjøkkenhage, noko som har vore vanskelig å gjennomføre på Tøyen, men her har eg alle muligheiter til det!
Og dei som kjenner meg, veit jo at eit lite bed ikkje er nok! Eg har planar om eit lite hageanlegg rett og slett... Fire store steinbed, med grusgangar mellom, ein støypt arbeidsbenk, bærbusker og ikkje minst ein hagegnom er med i planane! Eg har båre stein til eg har sett stjerner, og bisepsen har fått etterlengta trening! Men gud kor godt det er med tungt fysisk arbeid av og til! Hakking, spading og altså då mykje steinbæring. Ikkje heilt ferdig, men dokke ser tegninga?
Men så fine bed, treng vekstar. Eg og mammasen har sådd iherdig og ingen krok er ledig..
Brokkoli, tomater ( ja...må nok bygge drivhus og! ) agurk, gressløk, kruspersille, basilikum, timian, rosmarin, reddik, gulerøtter og litt blomster er påveg utav frøene og opp i lyset!!
Om dei ikkje frys ihel, kan dette bli ei fin avling iløpet av sommaren/hausten.

Og så kjem vi til folk og dyr på Bjørhovdegard! Eg bur altså no i leiligheta som Bestemor hadde då ho levde. Har pussa den litt opp, og har litt oppussing igjen.. Dei som bur i andre enden er Mamma, Pappa, veslebror Eivin på 13år, veslesyster Malin på 17år, Doffa the bigel , Minni som er prinsessepusen. Rundt huset vårt surrer det to pensjonerte høner, Paula og Ragna. Ragna legger egg på sine eldre dager, ellers "rydder" dei berre rundt huset. Vi har og ein "minigris",som ikkje er mini i det heile! (Ho var ikkje tilgjengleg for foto idag, men det kjem! Ho er så stygg at det må dokumenterast!) Nufsa heiter grisen og kom til oss etter ei vanskleg skilsmisse.. rett og slett ein skilsmissegris. Vi må ikkje gløyme Mons, den kjeærleikstrengde ute-katten..som emigrerte frå Tante (som bur oppibakken) ned til oss, då Tante fikk seg ein bullterier...
Ikkje alle folk og fe var tilstades til fortshoten idag, men her er eit knippe bilete av mine rare, morsomme og fantastiske naboer!
Som dokke skjønner, livet på landet er slettes ikkje verst!!
Annerledes, men på en god måte!
Mette